Om oss
Oktoberfest i Munchen reknast for å vere verdas største folkefest. I Sogndal skal me ikkje vere dårlegare!
To år på rad har me arrangert Oktoberfest på Leikanger med stor suksess. I 2024 kom folkefesten til Sogndal for første gang, og det blei stor suksess!
Me er klare for å gjenta festen i 2025, så sett av helga 26.-27. september 2025 allereie no.
Me gler oss til ta imot fleire hundre sogningar når me riggar opp store partytelt og gjer klar benkeradene. Det blir sceneunderhaldning og artistar, matservering og bar - med opplegg heile fredag og laurdag. Me lovar eit program som vil skape maks stemning heile helga!
Me er så heldige å ha fått låne området på Stedje Camping til arrangementet, sjå kart her.
Ta med deg gjengen din og bli med!