Gir bingoinntektene til Vegards Krefttråkk
Alle inntektene frå bingoen under Oktoberfest går direkte til arbeidet for kreftsjuke born.
Under Oktoberfest blir det underhaldning heile helga, og på laurdagen er eitt av arrangementa ein bingo. Det er Svein og Eivind Røysum som held bingoen, som blir det humoristiske innslaget på festivalen.
Me har bestemt at alle inntektene frå laurdagens bingo skal donerast direkte til foreininga Vegards Krefttråkk. Dei gjør viktig arbeid for kreftsjuke born og deira føresette, som me ønskjer å støtte.
Takk for jobben de gjer!